• Skip to main content
  • Skip to footer

Camping Norway

  • Hjem
  • Book overnatting
  • Aktiviteter
  • Våre campingplasser
    • Lillehammer – Lillehammer Camping
    • Hafjell/Lillehammer – Hunderfossen Camping
    • Romsdalen – Trollveggen Camping
    • Oldedalen – Gryta Camping
    • Brekke – Botnen Camping
    • Bergen – Bratland Camping
    • Geilo – Øen Turistsenter
    • Hokksund – Hokksund Camping
  • Norsk bokmål
    • Engelsk

Topp 5 aktiviteter i Brekke

Botnen Camping er ein hyggeleg stad å vere. Men det er også eit fint utgangspunkt for ulike utflukter og aktivitetar. Området rundt campingplassen byr på eit flott og variert turterreng med løyper både for nybyrjarar og mosjonistar, men meir erfarne turgåarar vil også finne utfordrande løyper. Frå Botnen Camping er det mogleg å ta dagsturar til ulike interessante reisemål i området.

1. Sjøfiske i Sognefjorden

Botnen Camping ligger rett ved Sognefjorden som er ypparleg for sjøfiske. Her kan du leige båt og prøve fiskelukka og er du heldig kan du få både torsk, sei og lyr.

Les meir om sjøfiske i Sognefjord

Foto: Harald Ellingsen

 

 

2. Fjellturar i nærområdet

I nærområdet til Botnen Camping er det fleire flotte og enkle fotturar, blant anna Søtekollen som ligg 557 meter over havet. Det er godt merka løype frå Brekke – ca. 15 min. køyring frå Botnen Camping. På Søtekollen får ein utsikt både innover og utover over Sognefjorden.

Foto: Britt Sølvi Ellingsen

 

 

3. Tusenårsstaden Gulatinget

30 min. frå Botnen Camping ligger tusenårsstaden, Gulatinget som var det største lagtinget i Noreg frå år 900 til 1300. Tinget var lovgjevande, utøvande og dømmande makt, der lovområdet femna heile kysten, samt Hallingdal, Setesdal og Valdres.

Besøk Gulatinget

Foto: Gulen Kommune

 

 

4. Massnes villmarksmuseum

Massnes villmarksmuseum ligg på sørsida av Sognefjorden, omtrent 1 time frå Botnen Camping. Her kan ein oppleve dyr frå den norske naturen, som kan vere interessant for heile familien.

Les meir om Massnes Villmarksmuseum

Foto: Massnes villmarksmuseum

 

 

5. Kong Olav Statuen

På Skjerjehamn kan du besøke kong Olav statuen laga av Knut Steen. Det ligg også ein gamal handelsstad på Skjerjehamn som er restaurert og mogeleg å besøke.

Foto: Martin Dyrøy

 

 

Sjå her for fleire tips til kva du kan gjere i Brekke-området. I Brekke kan du overnatte på Botnen Camping.

Footer

Finner du ikke det du leter etter?

Facebook

Copyright © 2017 · CampingNorway